Invitasjon til årsmøte
Publisert: 25.januar 2008
Førde Fotoklubb inviterar til årsmøte torsdag 31. januar kl. 19.00 i Hafstadgården (inngang frå baksida – sjå oppslag).
Program årsmøte:
Gjennomgang av årsmelding og reknskap for 2007.
Val av styre for 2008.
Aktiviteter kommande år.
Medlemskap NSFF. Vi har nå meldt oss inn i NSFF. Kva skal vi bruke medlemskapet til? Medlemskapet gir oss mange tilbod – sjekk www.nsff.no. Medlemskapet i NSFF kostar kr. 120,- pr. medlem. Dette krev vi inn ved at kontingenten til Fotoklubben vert auka om lag tilsvarande. Dei som betaler klubbkontingenten blir så meldt inn i NSFF og klubben overfører NSFF-kontingenten samla.
Firdaagent. Kan du tenke deg å vere Firdaagent? Arild Nybø frå Firda kjem og informerar.
Billedvisning. Silje Grønnevik frå Førde er spesielt invitert til å vise bilder. For dei som hugsar det vart Silje presentert med ein flott tre-siders billedreportasje i Firda sist november. Silje er ein entusiastisk naturfotograf som opererer så vel lokalt, nasjonalt og utanfor landgrensene.
Eventuelt.
Det vert enkel servering.
Førde 18.01.2007
Terje Hanekam
- leiar -

