Årsmelding 2007
Publisert: 25.januar 2008
Føremålet med klubben er å fremje fotografisk verksemd og å få til eit aktivt og sosialt fotografisk miljø, der ein saman kan lære om foto, hjelpe kvarandre, og å bli inspirert til å fotografere.
I 2007 har Førde Fotoklubb - FFK - hatt følgjande styre:
Leiar, kasserar: Terje Hanekam
Sekretær: Cecilie Dahlgren
Mørkeromsansvarleg: Guri Sandelien Rekve
Webansvarleg: Alf Snæland
Vara Marion Nødseth
I løpet av året har Guri og Alf gått ut av styret. Marion har vore fast med i styret etter dette.
Medlemstalet har vore ca. 36 medlemer, av desse 30 betalande. Kontingenten har vore kr. 150.
I løpet av året har vi hatt årsmøte, seks klubbkveldar og om lag like mange styremøter.
Under årsmøtet var Olav Øygard spesielt invitert til å vise bilder, samt å fortelje om eit planlagt kursopplegg i samarbeid med Sunnfjord Folkehøgskule.
Hovudaktiviteten på klubbkveldane har vore å vise og å diskutere bilder samt å gjennomføre ein uhøgtidleg konkuranse: - 14.02: tema ”panorering/ fart”. Vinnar Terje Hanekam
- 14.03: tema ”gode venner”. Vinnar Terje Hanekam
- 11.04: tema ”detaljer”. Vinnar Terje Hanekam
- 12.09: tema ”sommarminne 2007”. Vinnar Roald Apalseth
- 14.11: tema ”høst”. Vinnar Tormod Iversen
Premiering for konkuransen var æra av å bestemme tema for neste konkuranse.
I slutten av februar vart det arrangert eit kveldskurs i grunnleggande kamerateknikk og komposisjon med fem deltakarar der Terje Hanekam var instruktør. Kurset var også åpent for deltakarar utanfor klubben. I mars fekk vi i samarbeid med journalistlaget delta på eit større helgekurs på Sunnfjord Folkehøgskule. Tema var foto i ganske brei forstand, men med ei viss journalistisk vinkling. Det var tolv deltakarar frå klubben.
I mai var klubben på fotosafari ved bilopphoggeriet på Reset og utforska eldre bilvrak som har håp om ein ny vår. Det vart også tid til ein avstikkar opp til Bekkjavatnet. I oktober gjekk turen til Langestølen på veg opp til Gaularfjellet. Trass i ein våt haust var værgudane og fotolyset på vår side denne gongen. Når mørket senka seg vart turen avrunda med spekemat og diverse til. Det var godt oppmøte på begge desse turane.
Det store løftet dette året har vore fotoutstillinga i Førdehuset i anledning 20-årsjubileum for Førde Fotoklubb. Vi leigde utstillingssalen ved biblioteket og utstillinga var open frå fredag 2.11 til sundag 4.11 med gratis entré. 18 fotografar stilte ut 50 bilder til saman. Vi hadde ei open og velarrangert utstilling som fungerte fint. Utstillinga var godt besøkt og tilbakemeldingane var gode. Eit av bilda til Marion Nødseth vart lodda ut på utstillinga og gav eit lite overskot. Totalt hadde utstillinga ein kostnad/ underskot på kr. 1387,- som må dekkast av klubben.
Klubben har vedteke å melde oss inn i NSFF – Norsk Selskap For Fotografi – etter fleire års pause. Jan Standal frå NSFF oppsøkte styret i klubben vår og orienterte om aktiviteten i dag . Sidan forrige gong vi var medlem har no foreininga fått fleire tilbod som synes interessant å prøve ut. Innmeldinga inneber at kontingenten neste år må aukast om lag tilsvarande kontingent for NSFF.
Klubben har hatt tilgang til mørkerommet i Førdehuset. Klubben har hatt eit Mamyia mellomformatkamera (film) til utleige for medlemane. Klubben har hatt rabattavtalar hjå Helle Foto og Reiakvam.
Førde 15.01.2008
Terje Hanekam
- leiar -

