Startsiden

Aktivitetsplan
Artikler
Bildegalleri
Kontakt

Linker
Medlemskap
Om klubben

 

 

Medlem av:

Norsk Selskap for Fotografi

Portrettfotokurs med Vidar Helle

Publisert: 08.februar 2008

Hei!

Dei som har vore innom heimesida i det siste har sikkert fått med seg at vi har fått fotograf Vidar Helle til å halde eit lite portrettfotokurs for oss i sitt studio i Handelshuset. Men for sikkerheits skyld får de no også ein invitasjon per. epost:

Kurs i portrettfoto ved Vidar Helle måndag 25. februar kl. 18.00. Møt opp ved butikken til Helle i Handelshuset.

Sjølv om de ikkje har tenkt å drive med portrettfotografering i studio sjølv, vil de her kunne få mange nyttige tips om bl.a. lyssetting og å stille opp personer og som de kan bruke både ute og inne.

Vi har også planar om å få Jan Standal i NSFF til å ta ein demonstrasjon av programmet Adobe Lightroom. Dette må skje på ein laurdag på dagtid og foreløpig ser 8. mars ut som ein mogleg dato. Men dette kjem vi tilbake til.

Lightroom er godt egne til effektiv massebehandling og oversikt over digitale bilder. Bl.a. til import og etterbehandling av raw-filer.

Standal har også sendt ein prisoversikt over gunstig programvarekjøp gjennom NSFF – denne vert oversendt seinare. Vi kan få div. Adobe-produkt og Office til studentpriser, dvs. til ein brøkdel av ordinære prisar, forutsatt at vi driv opplæring i programvaren.

Påminning kontingent: Tradisjonen tru så må vi også i år minne om innbetaling av kontingent. Det er mange enno som ikkje har betalt og vi ber om at de snarleg ordnar dette. Vitale data:

Kontingent 2008: kr. 250,- (inkl. NSFF-kontingent)

Betal inn på konto: 3700 20 59909

Merk innbetalinga med: ”Kontingent FFK 2008 + ”namn"

Frist: snarast!

Første pulje innmelding til NSFF vert sendt no (gjeld dei som har betalt kontingent). Vidare innmelding vert sendt så snart de har betalt kontingent!

Vedlagt også førebels medlemsliste med oversikt over dei som har betalt kontingent til no. Nederst finn de også oversikt over det nye styret. Vær vennleg og send underteikna ein epost om du finn feil på lista.

Tormod Iversen er kommen godt i gang med å snekre opp ei ny heimeside og vi synes det ser særs lovande ut så langt. Men du kan vere med å gjere den endå betre. Vi vil veldig gjerne at du sender bidrag til billedgalleriet. Veit du om nyttige lenker så gi oss beskjed. Send dine bidrag til tormodiv@gmail.com.


For styret
Terje Hanekam

Tilbake til artikler