Ny dato, kurs portrettfoto Vidar Helle + diverse info
Publisert: 02.mars 2008
Hei!
Viser til tidlegare invitasjon til portrettkurs med Vidar Helle som vi dessverre måtte utsette pga. av sjukdom. Vi har no funne ein ny dato. Fotoklubben håper på bedre lykke denne gongen og inviterer difor på nytt til kurs i portrettfotografering v/ Vidar Helle onsdag 12. mars kl. 18.00.
Oppmøte ved fotograf Helle sin butikk i Handelshuset. Ingen påmelding. Gratis for medlemmer.
PS! Dette er normalt den faste møtedagen for fotomøta våre, men sidan dette kurset vert prioritert og vi dessutan har ein del anna aktivitet (tur og andre kurs) no framover så vil vi komme tilbake til fotomøte seinare.
Vi minner også om tidlegare invitasjon til grunnleggande kurs i Adobe Photoshop førstkommande tydag 4. mars kl. 18.00 i lokala til Firda. Påmelding til Tormod Iversen.
Forrige gong vart også nemnt planlagt demonstrasjon av Adobe Lightroom v/ Jan Standal – NSFF. Det vart antyda 8. mars som mogleg dato. Det viser seg at Standal ikkje vert her i område likevel den helga, men vil truleg vere disponobel helga etter dvs. laurdag 15. mars. Sidan dette er første i helga i påsken så var det ikkje eit heilt gunstig tidspunkt. Vi vil difor gjerne vite om nokon som hadde tenkt å delta på dette er bortreist på den tida!! Send meg ein epost! Viss dette gjeld fleire så vil vi truleg spørje om Standal er disponibel etter påske og i så fall vente med dette.
Etter behov så pleier vi arrangere grunnleggande kurs i fototeknikk pluss litt komposisjon. Dette passer kanskje best for dei som nett har fått seg speilrefleks og ønskjer å lære korleis å utnytte eit slikt kamera. Viss dette er er interessant send ein epost til underteikna. Vi må ha ei viss påmelding for å arrangere eit slikt kurs. Tilbodet er gratis for medlemmer, men vi tek også imot ikkje-medlemmer for ei kursavgift tilsvarande kontingenten.
Etterlysning!.
Nokon med namnet ”Inger ?” har betalt kontingent. Eg finn ikkje nokon på medlemslista med det namnet så eg lurer på kven av medlemmane dette er innbetaling for – eller er det eit nytt medlem? Vedkommande må sende meg ein epost og oppklare mysteriet!
Vedkommande kontingent! Eg tek gjerne imot fleire innbetalingar. Har du hugsa å betale -sjekk vedlagt liste viss du er i tvil. Viss du er sikker på du ikkje vil vere medlem lenger vil eg gjerne ha ein epost om det.
Innbetalingsdata: Kontonr: 3700 20 59909
Beløp: kr. 250,-
Merk innbetalinga med: Kontingent FFK 2008 + ”namn”
For styret
Terje Hanekam
OPPDATERING
06.mars 2008
I forrige info vart sagt at mogleg dato for presentasjon av Adobe Lightroom v/ Jan Standal NSFF, kunne bli laurdag 15. mars. Det er ein noko uheldig dato sidan det er i palmehelga og vi spurde difor om det var nokon som det ikkje det passa for som i utgangspunktet hadde lyst å delta. Det har komme to-tre tilbakemeldingar om det.
Har nyleg snakka med Standal og han seier det er noko usikkert om han har høve til å komme etter påske.
Vi snur difor om på spørsmålet og spør no om kven som eventuelt kjem (foreløpig påmelding) viss det skulle bli noko laurdag 15. mars (dagtid ca. 3-4 timar). Viss påmeldinga vert dårleg så vil vi heller satse på at Standal er tilgjengelig etter påske. Gi tilbakemelding til teham@c2i.net snarast!!
For styret
Terje Hanekam

