Klubbmøte
Publisert: 11.mai 2008
Førde Fotoklubb inviterar til årsmøte onsdag 14. mai kl. 19.00 i Hafstadgården (inngang frå baksida – sjå oppslag).
Program:
Konkuranse – tema ”Vår”. Sist gong vart ikkje vår uhøgtidlege klubbkonkuransen avvikla, men vi håper medlemmane kjem sterkare igjen denne gongen med eit rimeleg aktuelt tema. Maks to bilder per deltaker.
Billedvisning.
Her har vi eindel alternativ der valg og prioritering blir etter kven som kan stille og kor god tid vi har:
- Sidan sist møte har det vore to fototurar: ”Byvandring i gamle Førde” og ”Kvitveistur til Gravdalen”. Her er det sikkert nokon som kan stille med eit eller anna.
- Bror til Tormod, Bent Are Iversen, er nyleg begynt som fotograf i Firda. Kanskje kjem han på besøk og presenterer noko av sin produksjon.
- Underteikna var nyleg på tur til Baltikum (i jobbsamanheng) og kan dele nokre inntrykk herifrå.
”Mini”-kurs. Viss tida tillet det kan Tormod vise litt om alternativ bildedeling på nett (”til gode” frå sist møte) og eventuelt komme med tips i Photoshop.
Eventuelt.
PS!! Styret møter ein time før, dvs. kl. 18.00, på same stad.
Førde 08.05.2008
Terje Hanekam
- leiar -

