Vi er i gang igjen etter ferien
Publisert: 03.sept 2008
Hei!
Håpar de alle har hatt ein fin sommar ... med og utan foto.
De lurer sikkert på om ikkje Fotoklubben snart skal vakne opp frå feriedvalen. Underteikna har hatt noko sein ferie i år, men er no på plass i "gamalt gjenge". Styret i klubben har ikkje samlast enno og har ikkje haustprogrammet klart enno, men så tidleg i haustsesongen vil vi truleg prioritere å komme oss ut på tur - så følg med!
I dag vart klubben kontakta av ein representant for distriktsmusikarane i Førde (Eftevand) og ville invitere klubben med på eit samarbeidsprosjekt. Dei har planar om ein konsert i november og vil gjerne kombinere dette med billedvisning samtidig med konserten. Tenkt tema var "dyr". Forsåvidt i vid forstand, men kanskje helst lokale artar. Planen deira er å finne musikk som passar til bilda og at ein prosjektør viser bilda under konserten. Spørsmålet var då om Fotoklubben hadde lyst å stille med bilde til eit slikt opplegg. Ønskjer innspel på dette og aller helst melding frå den enkelte om dei kan tenke seg å bidra. Musikarane ville ha snarleg tilbakemelding så send meg ein epost. Personleg synes eg dette høyres ut som eit interessant og annarleis samarbeidsprosjekt. Mange har sikkert dyrebilder av eit eller anna slag i samlinga si, og truleg burde vi greitt kunne klare delta i dette.
Det dukkar stadig opp epostar til klubben med tilbod av ulike slag. Noko av dette er kanskje allereie vorte sendt til medlemmane, men i alle tilfelle kjem eg til videresende nok av dette.
Til orientering så har eg bestilt Adobe-produkter til dei som har bestillt dette i god tid før ferien, men eg har enno ikkje høyrt noko om at nokon har fått noko enno. Kjem truleg til å purre på bestillinga ganske snarleg
For Førde Fotoklubb
Terje Hanekam

