Startsiden

Aktivitetsplan
Artikler
Bildegalleri
Kontakt

Linker
Medlemskap
Om klubben

 

 

Medlem av:

Norsk Selskap for Fotografi

INVITASJON TIL KLUBBMØTE

Publisert: 12.okt 2008

 

Førde Fotoklubb inviterar til klubbmøte onsdag 15. oktober kl. 19.00 i Hafstadgården (bygget ved Esso, inngang frå baksida, sjå oppslag.

Program:

- Klubbkonkuranse – Fritt motiv. Vi oppfordrar medlemmane til å stille i vår uhøgtidleg konkuranse. Maks to bilder pr. deltaker. Ta med minnepinne eller anna kurant digitalt medium. Vi kan ikkje lokke med håndfaste premiar, men det vert desto meir ære og berømmelse.

- Referat pinholekamera-kurs i Vevring. Sigurd Berge har vore på pinholekamera-kurs i Vevring og eit vilkår var at han skulle dele erfaringane med oss andre i klubben. Vi får ein liten introduksjon på dette møtet. Seinare håper vi å få til eit opplegg der interesserte skal få vere med å prøve sjølve.

- Bildedeling via web. Dette er eit tema vi har til gode frå tidlegare. Tormod Iversen fortel litt om muligheter og eigne erfaringar.

- Bilder frå Barentsburg. Cecilie Dahlgren har vore på tur til Svalbard og hadde heldigvis med kamera. utgår i denne omgang - mulig visning av bilder fra siste fototur som erstatning.

- Info om opplegg for neste NSFF-konkuranse. Ingen frå klubben stilte i årets NSFF-konkuranser, men vi håper å komme sterkare igjen neste år. Cecilie fortel om reglement mm.

- Utdeling Adobe-programvare. Vi har mottatt programpakker til dei som har bestilt, og det vert høve til å hente dette under møtet. Dei som treng hjelp til scanning av dokument kan også få ordna dette.

Anna info:

Marion har sagt seg villig til holde eit ”dummy”-kurs for dei som har invistert i Adobe CS og treng litt start-hjelp etter istallasjon av programmet.

Dette kjem vi tilbake til.

Styret har foreslått å be klubben om å få lov til å besøke og fotografere Førde-revyen under øving. Vi håper dette er ein setting medlemmane har lyst å prøve seg i.

Neste møte vert truleg ein ”hjemme-hos”-kveld. Cecile tar sjansen på å ta imot banden. Vi håper også å få til ein pizza-aften før jul.

For Førde Fotoklubb
Terje Hanekam

Denne invitasjonen vert også sendt ut dei som har etterlyst info om klubben, men som enno er medlemmar. Dei er hjarteleg velkomne til å delta på møtet.