Førde Fotoklubb inviterar til klubbkveld
Publisert: 06.nov 2008
Førde Fotoklubb inviterar til klubbkveld onsdag 12. nov. kl. 19.00 heime hjå Cecilie Dahlgren.
Vi satsar på meir heimekoselege omgjevnader denne gongen og Cecilie er så spenstig og åpnar huset for oss.
Ho bur i Slåttebakkane 3. NB!! Det er smått med parkering ved huset, så ho ber oss køyre litt forbi og parkere ved ein barnehage.
I utgangspunktet har vi ikkje tenkt på noko tettpakka program, men vi har fått ein forespørsel frå Molde Kameraklubb som vi har takka ja til. Dvs. vi skal gjennomføre
- juryering klubbkonkuranse for Molde Kamereklubb.
Resten av kvelden tar vi litt meir på sparket (prat og mat og litt til). Ta gjerne med fotorelaterte trykksaker.
Ta også gjerne med bilder på valfritt medium, men vi må ta forbehold om kva vi får tid til.
NB!! Vi vil gjerne ha tilbakemelding frå dei som trur dei kjem med tanke på førebuing.
Send ein epost eller SMS (48 17 28 20) til underteikna.
Velkommen til ein triveleg klubbkveld!
For styret
Terje Hanekam

