Enno ikkje fått festa julekortmotivet til bildebrikka?
Publisert: 11.des 2008
Fredag 12.desember vert det god anledning. Vi møtast ved Esso kl 18.30 og køyrer til Langeland. Du kan ev. møte oss ved skihytta på Langeland kl 18.50. Vi går på ski til Gjøsetstølen. Det er kome mykje snø, det er fullmåne og meldt fint vér, så dette vert flott! Ettersom vi skal fotografere vil turen ta nokre timar. Send meg gjerne ei tekstmelding om du vil vere med.
Med snø og fullmåne vil det vere godt med lys. Men det kan vere greit å ha med lykt til hjelp ved kamerainnstillinger. Stativ er og ein fordel. Dersom nokre ønskjer ein kortare turversjon: Det er flott utsikt mot Store og Lisjehesten etter ca 20 minutts gange. Det er litt skog i område, og trea er rett så fotogene med all snøen.
Neste møte vert sannsynlegvis styremøtet over nyttår. Dette vil bli annonsert via e-post, nettside og med annonse i Firda.
Vil og på vegne av styret ønskje alle medlemmer ei god jul og eit godt nytt år!
Mvh
Marion Nødset
Turansvarlig, Førde fotoklubb
Mobil: 97149425
Nettansvarlig får nok desverre ikke tid til å bli med på turen, men måtte prøve ut forholdene i dag (11.des).
Og fint var det.... :)

Foto: Tormod Iversen (f/5.0 , 30 sek, ISO 200)

Foto:Tormod Iversen (f/5.0 , 30 sek, ISO 200)

Foto:Tormod Iversen (f/3.5 , 20 sek, ISO 200)

