Startsiden

Aktivitetsplan
Artikler
Bildegalleri
Kontakt

Linker
Medlemskap
Om klubben

 

 

Medlem av:

Norsk Selskap for Fotografi

Invitasjon årsmøte mm.

Publisert: 21.jan 2009

Hei!

Vedlagt følgjer invitasjon til årsmøte onsdag 28.01 kl. 19.00.

Vedlagt også årsmelding for 2008. Reknskapen er planen også skal vere klar innan årsmøtet.

Har tidlegare sendt ut oppfordring til å finne bidrag til NSFF si årbok for 2008. Nemnde då at de kunne avvente innsending til vi organiserte eit opplegg for felles innsending. Reglar for innsending er å finne på NSFF sine heimesider. Sidan alt kan ordnast via epost så har vi likevel funne at at kvar enkelt kan ordne innsending direkte til NSFF. Då slepp vi eit ledd med administrering. Gå inn på heimesida og les reglane nøye.

Vi anbefaler å skrive følgjande Emne-tittel for oversendings-eposten: Førde Fotoklubb: Bidrag til Årbok 2008 frå ”namn medlem”

For å bli med i vurderinga må vedkommande ha betalt kontingenten. Tema er fritt, men bilda skal vere tatt i 2008. Klubbinitialier er FFK.
Ref mail fra Dagfinn Lunde Markussen "I følge denne siden http://www.nsff.no/cms/index.php?page=hjelp-til-innlevering , så er forkortelsen FRFK, og ikke FFK. "

Håper flest mogleg vil delta. Viss de treng hjelp kan de kontakte Tormod Iversen (tlf: 57 82 67 25, epost: tormodiv@gmail.com)

NSFF kjem i desse dagar ut med eit særs godt tilbod på fotoboka ”Digital fotografering i praksis” (Fjørtoft). Dette er ei populær bok som gir god oversikt om bl.a fotografering og etterbehandling. Sjå forøvrig heimesida til NSFF om pris mm. Viss vi er mange nok (minst 10) så vert prisen endå gunstigare. Vi må gjere ei samla bestilling.

Så den som ønskjer nytte seg av dette tilbodet må snarleg sende ei bestilling til underteikna. (Vi kjem truleg til å bestille nokre ekstra eksemplar)

I fjor hadde vi ikkje noko utstilling, men vi lufta tanken på sist styremøte om vi skal prøve med ny foto-utstilling i Førde til hausten. For at det skal vere aktuelt med eit slikt prosjekt så må mange nok vere interesserte i å delta både med bilder og innsats forøvrig. Vi må såleis kartlegge interessa snarleg og ta ei avgjerd helst før sommaren.

Underteikna vil difor ha snarleg tilbakemelding frå dei som ønskjer å delta på ei eventuell ny utstilling kommande seinhaust.

Til invitasjon for årsmøte

NB! Husk kontingenten for 2009 – sjå invitasjon årsmøte.

For Førde Fotoklubb
Terje Hanekam